This post is also available in: English

Velkomen til gards

Christian Gaard Bygdetun er eit sjarmerande vertshus i den vesle bygda Trandal midt mellom Sunnmørsalpane sine mektige fjell.

Seint på nittitalet vart den gamle garden restaurert og omgjort til pub/vertshus.

Dette var barndomsheimen til Frank Storeide og der ville han mot alle odds byggje opp ein serveringstad. 

 

"Eg vil mjølke turistar, ikkje geiter!"  

Frank Storeide

 

Frank, sjølve opphavsmannen til alle dei finurlige og spennande ideane, gjekk diverre bort før han hadde fått gjort alt han ville utføre, men vi som etterfylgjarar driv vidare i same ånd.

Oppgraderingar dei seinare år gjer at vi kan huse firmaturar/blåturar, bryllup og større festivalar. Christian Gaard er óg perfekt for kurs og konferansar og er er eit ideelt utgongspunkt for friluftsturistar som søkjer ei fantastisk oppleving i Sunnmørsalpane.

Om det er ynskjeleg køyrer vi gjerne skifturistar heilt opp til snøen i Trandaldalen dersom snøen har begynt å krype litt oppover.

Vi byr på god mat og drikke i ei sjarmerande atmosfære og står klar til å ta i mot deg til ei oppleving du seint vil gløyme.

Vi gledar oss til å ynskje deg velkomen!

"Eg vil mjølke turistar, ikkje geiter"

Frank Storeide