High Voltage

High Voltage er eit band frå Ørsta med medlemmar frå bla Stingray, Pinapple Express og Chasm, som spelar AC/DC-låtar frå tida med Bon Scott som vokalist. Bandet blei starta av Kåre Myklebust i 2003. Dei blei fort publikumsfavorittar på dei lokale scenene med eit forykande show og gjorde ei rekke konsertar lokalt og i landet ellers. Bandet var mest aktiv dei påfølgande åra, men har gjort sporadiske konsertar etter dette, bla. med Petter Baarli og Dan Thunderbird frå Backstreet Girls.

Trandalrock

Trandalrock 2017

TRANDALROCK, ein nyfødt festival med ROCK i fokus! Det har vore litt stille på rockefestivalfronten i Ørsta/Volda dei siste åra, og med Christian Gaard som samarbeidspartner og Trandal som eit perfekt festivalområde, må dette berre bli suksess.