2 results for tag: Kolabruise


Kolabruise

KOLABRUISE skal ein ikkje nyte kvar dag. Difor tek vokalist Stig Amdam, gitarist Arnfinn Velle, bassist Håvard Krøvel-Velle og trommeslagar Geir Arne Ose seg god tid mellom slaga. KOLABRUISE har mogna i over tjue år. I 2011 kom debut-EPen, BRUISE MACHINE. I 2013 var dei på ny i Ocean Sound Recording Studio og spelte inn ni låtar, både nytt og gammalt. Dette materiale er det plan om å gje ut i 2017. KOLABRUISE spelar tung, semiprogressiv grønsjmetal, eller noko slikt. Dei følgjer aldri gjeldande trendar, men vert heller aldri utdatert. http://www.kolabruise.com/ https://play.spotify.com/search/kolabruise

Trandalrock 2017

TRANDALROCK, ein nyfødt festival med ROCK i fokus! Det har vore litt stille på rockefestivalfronten i Ørsta/Volda dei siste åra, og med Christian Gaard som samarbeidspartner og Trandal som eit perfekt festivalområde, må dette berre bli suksess. Lokale band og støttespelarar har vore positive frå første sekund, og det er fantastisk å oppleve så mykje goodwill blandt folket i bygdene våre! Fleire band frå nært og fjernt har vore veldig ivrige og vil kome og vere med oss på Trandalrock, men då vi har så mange dyktige artistar, "tighte" rockeband og rå musikk her i fjordane, prioriterer vi lokale band dette første året. Saman med ...