This post is also available in: English

Besøke Trandal?

Småbåthamna på Trandal var smekk full under Skilsmissefestivalen på Christian Gaard 09.08.2009 Foto: Knut Arne Aarset

Trandal er ei veglaus bygd i Hjørundfjorden omkransa av dei mektige Sunnmørsalpane og ein må nytte ferje eller båt for å kome seg hit, men dei aller sprekaste kan sjølvsagt gå over fjellet. Det er lett å verte trollbunden av denne vakre bygda som ligg midt i det ein må få lov å kalle verdas vakraste fjord, Hjørundfjorden. Her finn du ein idyllisk plass der ein kan senke skuldrane og berre ha det fint.

 

For dei som går fjellet

Ein kan gå over fjellet frå fleire plassar, men den mest vanlege er å gå over frå Sykkylven. Orkar du ikkje den siste biten ned til bygda og inn til Christian Gaard på Indre-Trandal kan du tinge henting med oss. Vi har både ATV, traktor og bil som kan bringe både deg og utstyret trygt fram. Vi kan naturlegvis også bringe den andre vegen.  Vi set sjølvsagt pris på at det vert gitt beskjed i god tid.

 

Ferje

Den enklaste måten å kome seg til Trandal på er å ta ferja frå enten Sæbø, Standal eller Leknes. Reisa frå Ålesund inkluderar to ferger, Solevåg - Festøy og  Standal - Trandal, og tek ca. 1 time.

Ferjeruter finn du på Fjord1 sine heimesider og på trandal.nu

 

Skyssbåt

Christian Gaard har har fleire skyssbåtar som har kapasitet frå 12-45 passasjerar. Meir informasjon finn du ved å klikke på lenka som heiter "skyssbåt" i menyen øvst på sida.

 

Eigen båt

Har du båt sjølv, kan du ta den tida du treng og nyte naturen før du legg båten trygt i hamna vår.

Hamneavgift

Båtar under 12 meter: NOK 100,-
Båtar over 12 meter NOK 180,-

Hvis du ynskjer landstraum kostar dette NOK 30,- ekstra uansett størrelse på båten.

 


 

Velkomen skal du vere!